Longhorn

Toppen av høgtid for countrymusikken i Noreg er når Longhorn frå Lærdal tek plass i koret i Breimskyrkja. Atmosfæren kan ikkje skildrast med ord, den må opplevast. Dei kallar seg glade amatørar, men det er ikkje grunna nivået på musikken deira. I år kjem dei også med nyinnspelt cd til Breim!

Longhorn er fylket sitt eldste countryband. Dei står for ein tradisjonell country, men går ikkje av vegen for eit breiare repertoar når tid og stad høver seg. Dei skildrar festivalen i Breim som det viktigaste, årvisse føretaket innan norsk country. Og dei er like årvisse som festivalen sjølve, og er å rekne som husbandet til festivalen. Dei deltek under kyrkjekonserten, og speler til dans på Kolbeins Saloon laurdag kveld til glede for nye og gamle festivalgåarar

Gasta Design