Little Willie & The Ghostriders

 

Når “Little Willie” & The Ghostriders entrar scena under Norsk Country Treff, er det Willie Nelson som står I høgsetet. For Arnt Joar Bråten, betre kjend som Little Willie, har countrymusikken, og då spesielt Willie Nelson, stått hjartet nært så og seie heile livet. Den amerikanske countrylegenda har vore ei stor inspirasjonskjelde for Bråten, og han har med sine tribute konsertar gjort seg bemerka hjå publikum på festivalar og klubbscener I heile landet. Med sitt nye band The Ghostriders er Little Willie igjen klar til å gje publikum det beste frå Willie Nelson.

http://toregorseth.no/little-willie-the-ghostriders/

Gasta Design