Kruttrøyk

 

Kruttrøyk blir eitt av banda som spelar til dans på Kolbeins saloon torsdag kveld. Bandet som starta i 2000 har etablert seg som eit solid band innan countryrock-stilen, og har turnert store delar av Sør-Noreg. Gruppa har gjeve ut tre plater, den siste ”Farande fant”, kom i 2009.

Bandet, som er frå Sogn og Fjordane, har også tidlegare spelt på Norsk Countrytreff samt fleire større countryfestivalar. Gjennom åra har dei bygd seg opp ein trufast fanskare, og det blir garantert dansing og mykje liv når dei spelar opp til dans i Breim igjen!

Gasta Design