Honky Tonk Angels

Honky Tonk Angels,(HTA), garanterer liv, røre og glimt i auga når dei står på scena i Breim. Dei seks kvinnelege profesjonelle musikarane legg opp til ei skikkeleg musikalsk heilaftan. Kjernen i gruppa er Tove Bøygard, Karin Wright og Johanna Demker. Tove er kjend som den eine halvdelen av duoen Bøygard. Ho ga ut sitt første soloalbum I 2010. Ho er ein engasjert artist som skriv historier om mennesket på god tog vondt, og ho tryllar fram nydelege melodiar og toppar det med sin eigenarta signatur. Karin Wright går for å vere den tøffaste dama i countryklassa. Alle hennar tre album ber hennar serpreg. I den eine augneblinken rå og utfordrande, i neste den neste var og sårbar. Johanna Demker er en av Norges fremste singer- songwritarar. Johanna har gjeve ut fire album, det siste «Madness» kom ut i 2011 til flotte kritikkar. Ein låtskrivar av rang og stemme som ein engel.

No har dei tre slått seg saman, og kokar saman eige materiale og krydrar med songar frå Emmylou Harris, Dolly Parton, Tina Turner og Patti Smith. Med seg på lager har dei Venja Ruud Nilsen på bass, Sara Andersson på gitar og Ine Merete Johannessen på trimmer. Honky Tonk Angels lovar eit heksebrygg av råkkenroll, country og blues, med uante verknadar!

http://honkytonkangelsnorway.no/index.html

Gasta Design