Hellbillies

hellbillies-438x329.jpg

Hellbillies er eit av landets mest etterspurte liveband. Det er fjerde gongen dei står på scena under Norsk Country Treff. Sidan sist har dei gjeve ut albumet ”Tretten”, som hausta strålande kritikkar i VG, Dagbladet, Aftenposten og Dagsavisen. Albumet vart av fleire trekt fram som eit av fjorårets beste norske album. Som tittelen peikar på er det bandet si trettande plate, og 20 år etter debuten, held dei fram produksjonen av hits innan countryrock-sjangeren.

Musikkjournalist i VG, Morten Ståle Nilsen, har ei treffande skildring av bandet: “Hver plate de gir ut har to-tre sanger for evigheten, som går rett inn i konsertrepertoaret. Jeg kan vanskelig tenke meg et norsk band med så mange usedvanlig gode sanger. Og til alt overmål har de til dags dato ikke gitt ut ett eneste dårlig album.” Hellbillies sin hitsparade avsluttar Norsk Country Treff 2013, når dei går på scena som siste band ut laurdag 13. juli.

http://hellbilli.es/
https://www.facebook.com/hellbillies

 
Gasta Design