Hanne Sørvaag

Hanne Sørvåg gav i november ut sitt første countryalbum, ”All is forgiven”. Singelen ”Days that end with y”, har blitt mykje spelt på radio, og fredag 12. juli dreg ho i gong countryfesten på hovudscena. Songaren, som for mange er kjend som dansedronning, tv-dommar og låtskrivar for andre, har endeleg fått reindyrka sin kjærleik for countrymusikk. Sørvåg reiste til Nashville for å skrive songane og fekk der drahjelp av lokale krefter som har skrive songar til Taylor Swift, Tim McGraw og Rascal Flatts. Sjølv om Sørvåg tidlegare har skrive mest pop-låtar og sjølv også gjeve ut tre plater i popsjangeren, har hjartet alltid banka ekstra for countrymusikk, og ho er sterkt inspirert av Dolly Parton.

Dagsavisen skriv om Sørvåg sitt countryalbum at det ”føyer seg inn i den moderne Nashville-tradisjonen, med mange innrømmelser til popmusikken, men med nok steelgitar og dobro til at den får en egen stil.”

http://www.hannesorvaag.com/

 

Gasta Design