G.Thomas

G. Thomas skal i år dra i gong countryfesten på hovudarenaen laurdag kveld. Artisten, som har vore ein del av festivalen kvart einaste år, sidan starten i 1994, har Norsk Countrytreff som sitt hjartebarn. ”Den heilt spesielle countryfestivalen, med den gode atmosfæren”, skildrar Gunnar Thommessen, eller G. Thomas, den årvisse countryfesten i Breim. – Denne festivalen føler eg meg som ein del av, og vert gjerne med vidare så lenge eg er ønska, seier han.

G. Thomas er ein av veteranane i norsk og skandinavisk country. Han har standhaftig halde seg til outlawsoundet som vart utvikla på 70-talet. Han starta sin karriere som countrysongar i USA i 1979, der hans første opptreden var i Utah, med tips som løn og under namnet ”The Norwegian Cowboy”. Han har i seinare år hatt mange turar tilbake til USA og opptredd som gjesteartist, og tileigna seg mykje erfaring etter å ha jobba med profesjonelle musikarar og artistar. Sidan 1985 har G. Thomas gitt ut elleve produksjonar, og alle har fått god kritikk i media og frå fans. Dei to siste studioplatene har òg gitt han merksemd utover Noreg sine landegrenser. Tittellåta ”Jesus in a leather jacket” som kom ut i 1996, vart ein hit både på norske og utanlandske radiostasjonar. Siste plata kom i 2008, og var ei samleplate frå 25 år som artist.

Gasta Design