Grasstowne

I bluegrassbandet Grasstowne står respekterte musikkveteranar side om side med nokre av dei beste unge musikarane innan sjangeren. Kombinasjonen gjer bandet til eit av dei beste og mest energiske gruppene på landevegen i år. Dei to første platene til bandet gjekk raskt rett til topps på den amerikanske Bluegrass-lista. ”The road headin’ home” vart i 2008 også årets album på same lista.

Alan Bibey er karakterisert som ein av dei mest kreative og tekniske mandolinspelarane innan bluegrass og akustisk musikk. Dustin Pyrtle stemmer i med sin imponerande vokal og rytmiske gitar, medan Justin Jenkins trakterer banjoen. Kameron Keller spelar bass, og Adam Haynes svingar felebogen og bidreg med flotte stemmeharmoniar med si djupe baryton og basstemme.

http://www.grasstowne.com/

Gasta Design