Gene Watson

For 50 år sidan gav Gene Watson ut sin første singel. Sidan den gong har han hatt ei rekkje hits og singlar høgt på listene, som ”Love in the hot afternoon”, ”Fourteen carat mind” og ”Farewell party”. Han er ein eineståande songar, og er eit idol for mange yngre countrystjerner som Brad Paisley, Alan Jackson og Vince Gill. G

Gene Watson spelar tradisjonell countrymusikk, men er også glad i gospel. Han er nok best kjend for dei rolege og klassiske countrylåtane, men byr også på raskare melodiar som ”Got no reason now for going home”. Duettane med Rhonda Vincent har også blitt særs populære.

Dette er første gong Watson er i Noreg, og Breim er einaste stoppestad utanom USA og Canada på årets turne. Watson skriv i sitt nyheitsbrev at han verkeleg ser fram til å entre hovudscena på Norsk Country Treff laurdag kveld.

http://genewatsonmusic.com/

 
Gasta Design