ClutterBillies

ClutterBillies er eit countrybanjorockband fra Arendal. Under festivalen i Breim skal dei spele på Kolbeins saloon, og ikkje minst stå på hovudscena saman med Steffen Jakobsen fredag kveld. Bandet har samarbeidd med Steffen i mange år, og spelte inn ein EP med han då Jakobsen berre var 16 år gamal. Saman gav dei i 2009 ut albumet ”My beginning”.

Bandet som starta i 2003, har nyleg fått ny trommeslagar, og medlemmane har ein variert musikalsk bakgrunn. Det gjer at musikken og sounden deira er inspirert av alt frå pop og rock til country og jazz. Dei største inspirasjonskjeldene finn dei i den nyare countrymusikken, i artistar som Rascal FlattsBrad Paisley og Keith Urban.

http://www.clutterbillies.com

Gasta Design