Bellamy Brothers

Publikum kan vente seg ei rekkje countryhits når legendariske Bellamy Brothersentrar scena i Breim fredag kveld. Gruppa står bak ”Let your love flow” og ”If I said you had a beautiful body”, songar som for dei fleste ikkje skulle trenge nærare introduksjon.  Gjennom si over 40-årige karriere har brørne David og Homer gjeve ut over 50 album, og rørt menneske over heile verda med sine tekstar og melodiar. Dei er like aktive no som dei var då karrieren skaut fart med ”Let your love flow”.

Bandet har turnert fleire gonger i Noreg, og har tidlegare uttalt at det norske publikummet er fantastisk og at det er noko av grunnen til at dei stadig kjem tilbake. Allsongen vil nok runge over arenaen i Breim når Bellamy Brothers entrar scena med sine pop- og reaggeinspirerte countrymelodiar.

http://www.bellamybrothers.com/

 
Gasta Design