Bakersfield

Norske Bakersfield har Buck Owens & The Buckaroos som førebilete, og reiser land og strand rundt for å hylle heltane. Med matchande broderte banddressar, og instrument frå Buck Owen sin storheitsperiode, er gruppa på fem ikkje til å ta feil av. Dei har spelt på alle dei store countryfestivalane i landet, og har også spelt med Buck Owen sin son på Lofoten Countryfestival.

Sjølv skildrar dei musikken med ord som drivande beats, twangy beats, nydeleg harmonisong og ein klagande steelgitar. Bandet satsar tungt på den originale country- og westernmusikken frå 60- og 70-talet.

Bandet består av Odd Lauritzen (song og gitar) og Luis Bergli (trommer), som er botnen i bandet, og har vore med frå starten. Nyare medlemmer er Hans Petter Jar (sologitar), Terje Schrøder (gitar) og Steinar Schrøder (steelgitar).

Bakersfield si nettside finn du her

Gasta Design