Wayne Taylor and Appalossa

Wayne Taylor and Appalossa, har spelt saman I fire år og gjeve ut tre album. Dei miksar bluegrass med element frå folkemusikk, blues og gospel. Wayne Taylor markerer seg som ein godlåtskrivar og historiefortellar, og musikken blir støtta opp av eminente musikarar som trakterer mandolin, banjo og bass.

Wayne Taylor har spelt country og soul frå barnsbein av, før han kasta seg over bluegrass på 70-talet. Han har nærare 20 år som militærmusikant bak seg i bluegrassbandet “Country Current”, som mellom anna har spelt for fire amerikanske presidentar. Taylor har også spelt saman med Bill Monroe, ein av bluegrassen sine grunnleggarar.

Med seg i bandet har han Emory Lester på mandolin, kanskje ein av verdas beste mandolinspelarar. Kene Hyatt på bass, og Lee Marcus på banjo.  Du kan sjå dei fleire gonger under festivalen, mellom anna på bluegrass-konserten onsdag kveld, og på Kolbeins saloon fredag.

Gasta Design