Vince Gill

Vince Gill er Norsk Countrytreff sin hovudartist laurdag 14. juli. Vi ynskjer publikum velkomne til ein eineståande konsert med ei av countryverdas store stjerner og prissankande artistar.

Den amerikanske countrystjerna, Vince Gill, har selt over 26 millionar album. Den populære vokalisten, gitaristen og låtskrivaren har ei lang og variert musikkarriere bak seg. Karriera starta som frontfigur i countryrock bandet Pure Prairie League, før han gjekk solo i 1983. Gjennom karriera har han også vore ein ettertrakta duettpartnar og gjestevokalist, som mellom anna har samarbeidd med Dolly Parton og Emmylou Harris.

Gill har tilhengjarar innan fleire sjangrar. På si nest siste plate, eller plater, som kom i 2006, gav han like godt ut fire plater i eitt. Her fann fansen country, western og bluegrass og innslag av gospel og pop. Plata fekk Grammy for årets countryplate i 2007. Tidleg i karriera vart han også spurt om å vere vokalist i Dire Straits og han har fleire gonger spelt på Eric Clapton sin gitar-festival i chicago til inntekt for Clapton sin barneheim på Antigua. Den siste plata ”Guitarslinger”, kom i 2011 og er ei rein countryplate. Gill var også nominert for beste countrysong under årets Grammy med songen “Threaten Me With Heaven”, der han syng saman med den kjende gospelkona Amy Grant og fleire.

54 år gamle Vince Gill fekk sitt store gjennombrot 1990 med låten og albumet ”When I Call Your Name”, seinare har songar som ”I still believe in you”, nådd ut til eit stort publikum. Ei heil countryverd set stor pris på musikken og låtskrivinga til Vince Gill, og han er ein merittert musikar. 18 gonger har han motteke prisar under prisutdelinga Country Music Awards, fem år på rad vart han utropt som årets mannlege artist. Kun Brooks & Dunn har motteke fleire CMA prisar. Vince Gill har også motteke flest Grammyprisar av alle country artistar, heile 19 gonger. I august 2007 vart han også inkludert i Country Music Hall of Fame.

Gasta Design