Vassendgutane

Vassendgutane avsluttar festivalens første dag, saman med Green Granadas. Dei var også på festivalen i 2011, og har vore på festivalen fleire gonger. I år er dei også ute med ny plate ”Festi ekje slutt”. Plata feirar bandet sine 15 år, og er ei samling av gamle og nokre nye slagera. Dei hyllar også to av sine førebilete, Cato Sanden og Teddy Nelson.

Vassendgutane er ei etterspurt gruppe som er tufta på rein moro. Deira dagsaktuelle tekstar frå norsk bygdeliv, i spedd ein god dose humor har vore kjenneteikna deira, og dei nye låtane tek nok vare på desse ingrediensane. Bandet har sidan sommaren 2005 selt over 300 000 cdar og dvdar, noko som gjer dei til eit av dei mestselgande artistane i Noreg i den perioden.  Kjenner vi bandet og publikummet rett, ligg det an til mykje allsong og stor stemninga under torsdagens siste konsert på hovudscena.

Gasta Design