The Parking Lot Pickers

Nederlandske The Parking Lot Pickers spelar god gamal country. Bandet likar å utforske alle typar tradisjonelle amerikanske musikkstilar, som Jimmy Rogers si jodling, Hank Williams sin Honky Tonk, Hillbilly, Rockabilly og 60-tals countryrock. Det er med andre ord duka for ein skikkeleg fest i Breim under Norsk Countrytreff, når desse spelar opp til dans!

Bandet brukar ulike elektriske og akustiske instrument for å kunne fange den reale sjarmen i kvar song. Dei legg ned mykje arbeid for å få fram det riktige lydbiletet, og sørge for at soloane og harmoniane sit akkurat slik dei skal.  Her kan du forvente deg ein dose Johnny Cash, George Jones, Gram Parsons, Buck Owens, Carl Perkins, Bill Monroe, Soggy Bottom Boys og Creedence Clearwater Revival.

Gasta Design