Spik Adel

Spik adel” er eit lokalt ord for det beste av den beste delen av treet, som gjev material til vern mot storm og blest.

Kort sagt :”Spik adel” ertrevirket som har så sterk indre kraft at det held seg like godt medan tiåra rullar nådelaust av garde.

Ut frå denne idéen har Bremanger-gruppa Spik Adel fylt opp eit musikalsk rom med sterk og vedvarande rock’n roll frå 70′, 80’og 90′ talet, med røter i folk, blues og moderne country. Som leiestjerner har bandet artistar som Richard Thompson, Uncle Tupelo, The Band og Le Roi Brothers.
Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med “trøkk”, overtyding og eleganse.

Gasta Design