Lucky Lips

Lucky Lips spelar roots og americana på akustiske instrument. Dei fem medlemmane lagar musikk som ligg i grenselandet melom country, bluegrass og pop. Bandet er kjent for sine tette vokalharmoniar, heftig strengeleik og energisk samspel. I 2011 vann dei den prestisjetunge prisen ”Best European Bluegrass Band” . 42 band stemnde sjølve fram vinnaren, og dei er første norske band som kan smykke seg med tittelen.  Så vil du oppleve Europas beste bluegrassband, må du ta turen til Breim og Kolbeins Saloon.

Gasta Design