Ila Auto

Bluegrassbandet Ila Auto skal underhalde dei yngste under årets countrytreff med Blågras for Smågras! Dette blir eit fyrverkeri av ein konsert der rockefoten kan svinge seg til energiske blågras-rytmar. Til vanleg spelar Ila Auto bluegrass ispedd litt pop og rock, men dei er også kjende for sine barnekonsertar med barnesongar i bluegrassversjonar. Oslo-bandet fekk Spelemannspris i countryklassa i 2006, spelte under by:larm i 2007 og var også i 2008 nominert til Spelemann.

For det sjølvtitulerte og tredje albumet fekk bandet treningkast fem i Aftenposten. ”Man kan godt kalle dette livlig og frydefull banjorock, men disse norskspråklige sangene svinger uansett musikalsk merkelapp”.

Dei fem musikarane la rocken på hylla og via seg til banjo, mandolin, vaskebrett, kontrabass og dobro. Dei blandar tradisjonsmusikk med eigne songar, og er omtala som eit av landets beste og mest sjølvutleverande liveband. Konserten blir garantert ein hit for countryrockeungar i alle aldrar! Musikken handlar om kjærleik, bilar, død og lengsel – med ein undertone av glede og faenskap. For ingenting skaper glede og faneskap som banjo og vaskebrett.

Sidan Ila Auto starta opp i 2005 har dei spelt over 500 konsertar, og har gjesta Norsk Countrytreff to gonger tidlegare. Bandet har så langt gjeve ut tre album.

Matias Hilmar Iversen: vokalist og gitar
Stein Are Fevang: vokalist og dobro
Kristoffer Iversen: kontrabass og vokal
Kay Arne Sulutvedt: banjo og vokal
Kai Henrik Ryen: mandolin, skarptromme, vaskebrett og diverse perkusjon

Gasta Design