Hellbillies

Hellbillies har i løpet av sine 22 musikalske år blitt eit av landets mest etterspurte liveband. Det er 3 gongen dei står på scena under Norsk Countrytreff. Bandet har gjeve ut tolv album, sist ut i rekka var ”Leite etter lykka”, som kom i 2011. Dei har selt over 60 000 eksemplar av albumet, som også vart nominert til Spelemannspris i 2010. I løpet av karrieren har dei hausta tre Spelemannsprisar, mellom anna vart dei kåra til Årets Spellemann i 2007.
Ifølgje rykta skal bandet også vere i gang med innspeling av nytt materiale. Vi håpar Hellbillies vil presentere nye musikalske hitar på lik linje med hits som ”Ei krasafaren steinbu”, ”På Ål stasjon” og ”Den finaste eg veit”.

Hellbillies avsluttar konsertane på hovudscena fredag 13. juli.

Gasta Design