Green Granadas

Det forrykande livebandet Green Granadas står på fleire av scenene under årets countryfestival i Breim. Dei representerer rockabillydelen av countrymusikken og kulturen. Mykje brylkrem, leopardskjorter, ein ståande trommeslager og gitaristar som helst tek gitarsoloen på golvet, er noko av det du kan forvente av denne gjengen. Rykta seier også medlemmane gjev så mykje av seg sjølv under konsertane at det har enda sjekk på legevakta etter konsertslutt. Konserten kan bli noko av det morsomaste, sveittaste, tøffaste og hardtsvingande du får oppleve under årets countrytreff.

Kvartetten, som alle er vokalistar, har turnert Vestlandet i ti år. Dei vann også publikum sine hjarte då dei deltok i ”Norske Talenter” i 2011. Bandet kan også få merkelapp som lokalt band, med Odd Erik Lothe frå Eid, Inge Willy Hauge frå Bremanger og Roger Allan Ivin frå Sogndal. I tillegg har dei med seg Ståle Søndreål Wick frå Hol. Dei har gjeve ut to plater ”Slidin’ All Over” (2007) og ”Ready, Set, Go!” (2011).

Gasta Design