Arve Hålands Cajun Gumbo

Eit av dei få banda i Noreg som spelar cajun- og zydecomusikk, som opphavlig er musikkforma til Cajunfolket. Arve Håland er bandledar, og har skrive det meste av bandet sitt repertoar. Han speler sjølv det spesielle 10 knappers, diatoniske cajuntrekkspelet og mandolin. Starten på musikkkarriera hans går attende til slutten av 60-talet, då han spelte trekkspel i legendariske ”Hole in the Wall”. Han var medlem av ”Cajun du Nord”, og har heile 30 plateinnspelingar bak seg. I dag er det Elisabeth Krogh, Bjørn Tore Aasheim, Kjell Madsen, Christian Øveraas og Gunnar Bergstrøm som lag med Arve Håland sjølv utgjer Arve Hålands Cajun Gumbo, som vart starta i 1993. Då med ein litt anna bandsamansetning enn i dag. Dei er i dag samansett av ledande musikare innan sjangeren frå Danmark og Noreg.

Bandet har etterkvart utvikla seg til å bli ein festivalfavoritt, og spelar på fleire av dei største festivalane i Noreg innan blues, country og folk. Òg store utanlandske festivalar som Skagen Festival i Danmark og Cajun- og Zydecofestivalane i Nederland har hatt besøk av dette spesielle, norske bandet.

Bandet består av:

  • Arve Håland: trekkspel og mandolin
  • Elisabeth Krogh: fele og vaskebrett
  • Bjørn Tore Aasheim: diverse gitarar
  • Christian Øveraas: tangentar og munnspill
  • Kjell Madsen: bass
  • Gunnar Bergstrøm: trommer
Gasta Design