Vassendgutane

Vassendgutane inntar hovudscena fredag kveld under Norsk Country Treff på Breim! Dei er ei etterspurt gruppe, og det er difor ei glede å kunne presentere dei i programmet vårt for sommarens festival.

Det er ikkje utan grunn at Vassendgutane kjem igjen år etter år på dei store countryfestivalane her i landet. Grunnsteinen vart lagd i 1996, og den var tufta på rein moro. Og sidan har det vorte mykje meir av det. Plate nr. 3 i rekka,  Ungkar med dobbelseng vart gutane sitt gjennombrot, og selde til platina. I april 2008 kom “XO”, som òg har selt til langt over platina. Den plasserte Vassendgutane på toppen av Topp 20 lista i lengre tid.

No er det klart for ny plate frå karane på Møre, denne kjem i april og heiter ´Riskrem & Entrekått´. Dagsaktuelle tekstar frå norsk bygdeliv, ispedd ein god dose humor har vore kjenneteikna deira, og dei nye låtane tek nok vare på desse ingrediensane. Det vert med andre ord nye tonar og opplevingar frå Vassendgutane på hovudscena fredag kveld.

Vassendgutane er:

  • Sindre Aam – Vokal, bass
  • Arthur Johan Bjørdal – Vokal, gitar
  • Rune S Brautaset – Gitar, vokal
  • Ernst O Brune – Trekkspel
  • Lars Egil Vågseter – Steelgitar
  • Leif Aase – El.gitar, bakgrunnsvokal
  • Bjørn Marius Øyehaug – Tromme, vokal

Vassendgutane si nettside finn du her

Gasta Design