The European Highwaymen

Dette etterkvart etablerte countrykonsert-konseptet består av tre norske countryartistar som kvar for seg har latt seg bemerke i europeisk samanheng over fleire år. Det skulle difor vere eit godt utgangspunkt for ei suksesshistorie når desse tre slår seg saman! Og kven har ikkje drøymt om å få høyre ”The Highwaymen” live? Det vart for mange av oss aldri ein realitet. Kven som tek rolla til kven i den nye highwaymengruppa er uvisst, men det let utrulig bra!

Artistane er G.Thomas, Ove Støylen og Arly Karlsen. Dei har turnert land og strand rundt i ein mannsalder, gjeve ut eit mangfald av plater og står sterkt på eigne bein med sine respektive band. Dei har alle vore gjengangarar som artistar på mange countryfestivalar i Noreg, og vi har hatt gleda av dei alle som enkeltartistar og som The European Highwaymen på Norsk Country Treff tidlegare. Dei har òg reist på festivalar rundt om i Europa og hatt fleire låtar på hitlistene i inn- og utland.

Ved eit høve i Kristiansand, under ein hyllestkonsert til Kris Kristofferson i 2006, fann desse tre countrygutta tonen saman og bestemte seg for å starte eit musikalsk samarbeid. Samarbeidet vart ferdig snekra mot slutten av 2006, og første konsert var allereie i januar 07.

Konseptet understrekar sterkt at dei alle har røter til dei legendariske originale ”The Highwaymen”. Låtvalga fell naturlig inn under den kategorien, men tek òg for seg store deler av countrymusikkhistoria. Forutan ein del av deira eige låtmateriale, tek dei òg for seg sine eigne tolkingar av låtar med Waylon , Cash, Willie, Kris og sjølvsagt også Buck, Merle, Bare , Jackson m.fl

Dei utfyller kvarandre, desse countrygutta, der G.Thomas føler outlawmusikken ut og inn, Arly Karlsen har Mr. Cash i blodet, og der Ove Støylen oser av Willie Nelson ogAlan Jackson i uttrykket. Stemmemessig eit perfekt konsept der deira røster passer utmerka i lag. Desse countrygutane har hatt stor suksess på konsertfronten  med deira Highwayband sidan konsertstart i januar 2007. Folk set stor pris på at artistar med ” erfaring” slår seg i saman og utøvar sine tolkingar. Sommaren 2010 var dei til Nashville og opptredde under den verdskjende CMA Music Festival som òg hadde namn som Alan Jackson og Keith Urban på plakaten. The European Highwaymen med sitt Countryshow ”A Live Tribute”, har turnert i Noreg og Danmark de siste åra med overveldande respons frå et stadig veksande publikum. Dei vil stå på hovudscena laurdag kveld under Norsk Country Treff.

Gasta Design