Steinar Albrigtsen

Steinar Albrigtsen er født i Hammerfest i Finnmark, men vaks opp i Tromsdalen. Etterkvart som han flytta til Tromsø, vart han kjent med Jørn Hoel. Saman debuterte dei i scenesamanheng i 15-årsalderen. Albrigtsen brukte mykje av 1970- og 1980-tallet til å finne seg til rette musikalsk. I løpet av desse åra besøkte han så og sei kvar krik og krok i Norge, òg som gatemusikar.

Noregs mest kjente cowboy starta som plateartist i 1990. Debutalbumet «Alone Too Long» sette fart i countryinteressa hjå mange nordmenn, og han selde utrulege 180 000 album. Skjønt debut – han hadde allereie tusenvis av svorne fans landet rundt etter nesten ti år på vegen.

Sjømannssønnen frå Hammerfest er framfor nokon sjølve sjefsryttaren i den rootsrevivalen som bles rundt husveggane til dei tusen heimane på nittitallet. Men det vert feil å kalle ham for ein einsam ryttar. Han og kompiskollegaen Jørn Hoel har kjent kvarandre sidan dei var seks, og spelt saman sidan dei var 12. Då starta dei bandet Happy, som vart raskt omdøypt til Thunder Birds, før dei danna duoen Jørn og Steinar.

Det var på den tida Steinar traff andrestemma, og slik vart dei to herrane smidd saman musikalsk. I 1986 sto karane på Grand Prix-scena og framførte sin felles venn David Chôcrons sang «Inkululeko», og i 1997 kom fellesalbumet «Get Together». I 1998 sto dei saman med Øyvind «Elg» Elgenes for den offisielle «Drillos til fotball-VM»-songen «Let’s Do It». I sine yngre år jobba gutane hardt under Albrigtsens livsmotto «Grip ettermiddagen» for å oppretthalde mytane som omgir unge mannlege rockemusikarar.

Tredjemann i følget er den irske låtskrivaren Tom Pacheo, no busett i Woodstock. Tom og Steinar traff kvarandre tilfeldig i 1991, først på flyplassen i Bodø og nokon dagar seinare i Texas. Tom tok til å levere låtar til Steinar si andre plate, og sidan har dei samarbeida.

Det er på den amerikanske landsbygda vi finn Albrigtsen sine røter, men han har andre sider i seg enn den dypblå countryen han er mest kjent for. I 1996 bytta han for en kort stund ut lærvesten med ei silkemyk frynsjeskjorte på albumet «Life Is Good», der han viska ut skillelinjene mellom country, blues og jazz på ein overbevisande måte. Albrigtsen har i årevis gjort ein stor innsats for Frelsesarmeen gjennom «Julemusikantene». I 2011 ga han ut eit album der han tolka den amerikanske visesangeren Jim Croce på norsk, Bilda fra ei anna tid.

Steinar Albrigtsen si nettside finn du her

Gasta Design