Sivert Bjørdal Band

Sivert Bjørdal kjem frå Ørsta på sunnmøre, og vert rekna som ein av dei framste representantane for den orginale countrymusikken. Stemma har nære slektskap med Hank Williams, og store deler av reportoaret er henta nettopp frå han. Men òg meir moderne, og ”up to date music” har han på reportoaret, med tydeleg adresse til artistar som Alan Jackson , Vince Gill, Travis Tritt og flere.

Sivert har lang fartstid som countrysangar. Heile 20 år er det sidan han starta med denne musikkstilen, og han har gjennom desse åra vore innom ei rekke festivalar i Norge. Han er òg kjent utover landegrensene, i 1997-98 og 2003 har han saman med bandet sitt stått på scenen i Lithauen, på ”Country Jonines” i Siauliai, og på ”Visagino Country” i Visaginas, der han opptrådde for 25000 begeistra publikum.
Saman med artistar frå mellom anna USA, vart Sivert kåret til ”singer of the festival”. Sivert reiser no rundt med fullt band og som trio, alle medlemmane i bandet har lang fartstid innan country music.

Sivert Bjørdal si nettside finn du her

Gasta Design