Savannah

Savannah vart starta i 1986 i Tilburg av Peter van den Heuvel, ein respektert gitarist som allereie då hadde utgitt fleire LP-ar under namnet PETER HILL. Nokre av albuma vart selt i meir enn 20.000 eksemplar. Men hans store draum var å kunne danne ei eiga gruppe. Han lette og fant gode musikarar, og starta THE PETER HILL BAND.

Snart stod dei på scena saman med store amerikanske namn som: Don King, Buck Owens, Suzy Bogguss, Ed Bruce, Wanda Jackson, Dave Dudley, Allen Frizzell, The Texas Tornados, Freddy Fender og Johnny Cash.

I 1991 kom deira debut-CD, som vart valt til “månadens cd” av Nederlands rikskringkastingskanalen KRO ,og som fekk lovande omtale i ulike tidskrifter, som “Country Music People” i England og i magasiner i fleire andre europeiske land. Det resulterte i at dei vart etterspurt i Belgia, Frankrike, Østerrike, Italia, Malta og Noreg. I mellomtida hadde gruppa endra namn til SAVANNAH.

Fleire artistar brukte gruppa som backingband: Lee Towers, George “Una Paloma Blanca” Baker, Ruud Hermans, og dei deltok i ein teaterturné med Freddy Fender. I mellomtida vart deira andre cd “Lights In The Night” lansert, og denne scora òg mange poeng. Etter denne cd-en fulgte fleire konserter, og i 1996 ga gruppa ut cd nummer tre, “Side By Side”! Denne òg vart ein stor suksess.

Antal konsertar kom opp i meir enn 100 per år i heile Europa. I Frankrike, Noreg og i heimlandet vart dei hovudattraksjonen på festivalar, besøkt av tusenvis av tilskodarar og ikkje sjeldan busslaster med fans. I 1998 var dei oppvarmingsband for dei legendariske Bellamy Brothers, og eit år seinare for Connie Smith, Heather Myles og mange andre.

CD-en “Love, Me” vart utgjeven i midten av 1999, og vakte so mykje interesse at CRS tok den europeiske lanseringen på seg. Den første singlen er “Love, Me”. På deira siste cd vart dei assistert av rootsmusikar John Permenter frå USA. Permenter kan òg høyrast på cd-ar av f.eks. Clint Black, og han spelar i band for bl.a. Dolly Parton, Moe Bandy og fleire andre store namn. I 2001 kom cd-en “New Roads”, og i 2005 kom DVD-en “Live At Rabo Theatre” på markedet.

Sidan 2004 har de opptredd i hele Europa saman med venn og Grammy Award vinner Billy Yates frå Nashville. Yates var så imponert over Savannah at han inviterte dei til å spele inn ei plate på hans eige plateselskap MOD Records. Cd-en kom i 2010 og Billy Yates har skrive halvparten av songane deira på denne plata.

SAVANNAH består av følgjande musikarar:

  • Wilma Smulders            – keybord, lead- og backing vocals
  • Marcel Smulders            – gitar, lead- og backing vocals
  • Joe Brozio                     – leadgitar
  • Vicente Javiar Garcia    – bassgitar, lead- og backing vocals
  • Johan Lemmers             – trommer

Savannah si nettside finn du her

Gasta Design