Olav Stedje

I 1981 dukka vår alles Olav Stedje opp med sin første solo-single, ”Vi vandrar saman” / ”Ta meg med” – ein umiddelbar klassikar. Albumet som fulgte, ”Ta meg med” selde til edelt metall på kort tid, og Stedje vart eit etablert namn og heile Vestlandet si stoltheit. Olav kom for alvor i rampelyset då han på slutten av syttitalet tok til samarbeidet med “LAVA”. Sidan kom låtane på rekke og rad: “Ta meg med”, “Vi vandrar saman”, “Ein nordmann sin draum” o.s.v. Cd’en “Bot og Bedring” kom ut i 1995. Produsert av hans mangeårige samarbeidspartner Svein Dag Hauge, er denne produksjonen nok ei stadfesting på den solide kvaliteten og tradisjonen som Olav Stedje står for. Etter 6 sølvplatar (over 25.000!) og velfortent spelemannspris for “Tredje Stedje”, er han etterkvart vorte folkeeige.

Trass i at han no har vore turnerande artist i drøyt 30 år, har han berre såvidt kome utmed eit tosifra antal studioalbum. Det er ein av grunnane til at det alltid er ei storhending når Olav Stedje er ferdig i studio. Ein annan grunn er at Olavs stemme er ei av dei vakraste og mest gjenkjennelige i landet. Hans forrige album ”Ikkje utan deg” kom hausten 2010.  På plata finn ein 11 skreddarsydde melodiar for Stedje si stemme. Plata har vorte godt motteken, og er å finne på spelelister til riksdekkande radiokanalar.

Olav Stedje kjem sommaren 2011 for første gong til Norsk Country Treff, og vil delta på fleire ulike arenaer desse dagane. Han vil halde barnekonsert under Barnas Countrytreff i Trivselshagen, opptre på konsertane for eldre i institusjonane i kommunen, under kyrkjekonserten i Breim Kyrkje, og på Kolbeins Saloon laurdag kveld. Sogndal sin store son vil med andre ord ta del i store delar av årets festival på Breim. Han vil ha med seg eit knippe eigne songar i fin harmoni med kjente coverlåtar i kjent Stedje-stil.

Gasta Design