Kristin Skauge m/band

Kristin Skauge har vore meir eller mindre aktiv i musikkmiljøet i 15 år. Først som popmusiker, og seinare som country/visesongar. Mange har bedt ho bidra på plate, mellom anna Hans Petter Gundersen si countryplate, Heimalanne, countryartisten Steve Morgan og den erfarne steelgitaristen Egil Skjelnes sin siste cd.

I fjor deltok ho på Breim som korist/vokalist med Helge Nilsen.I år stiller ho med eige band og skal synge eit knippe countrylåtar som varierer frå Dixie Chicks til Buck Owens og Connie Smith. Ho har med seg Magne Lunde på trommer, Jostein Fonnes på bass, Bjørn Tore Åsheim på gitar, Kåre Sandvik på piano og Egil Skjelne på steel-gitar.

Gasta Design