Gunslingers

Få band innan countrysjangaren har opplevd ei slik utvikling her til lands som Gunslingers. Etter utgjeving av “Norwegian Honkey Tonk” hausten 2008 var bandet booka til dei største festivalane i landet. Fengande melodiar og underfundige tekstar med ekte cowboyhumor på hardingdialekt er karakteristikk som er gjeven av plata “Norwegian Honkey Tonk”. Alt frå livet på Countryfestival i Seljord og russiske damer dot.com, til Harrymann si burning på hjørnet og sterke kjensler for ein traktor vert omtala. I 2009 kom oppfølgjaren med namnet “Ein skål te” som vidareførte den humoristiske tonen frå debutalbumet. Gunslingers er på plass i Breim der du kan møte desse populære karane frå Norheimsund på hovudscena fredag kveld.

Du finn meir informasjon på Gunslingers si nettside her

Gasta Design