Georgette Jones

Georgette Jones kan ein trygt seie er den fødte countryartist, med legendane George Jones og Tammy Wynette som foreldre. Sidan ho var tre år har ho opptredd med sine foreldre og spela som 10 åring inn sin første singel med faren George, ”Daddy come home”. Ho har bakgrunn som korsongar for mora Tammy, og spelte inn ei rekke duettar med ulike country artistar. I Europa har ho fått ein solid tilhengarskare i Irland som har resultert i fleire turnear i dette landet.  Ho har ikkje tidlegare opptredd i Noreg, og i sommar tek ho følge med Billy Yates og vil opptre med han og backingbandet Savannah på hovudscena laurdag kveld under Norsk Country Treff.

Georgette Jones si heimeside finn du her

Gasta Design