Dick Van Altena

Dick Van Altena kjem frå Nederland, og er ein av dei ledande countrysongarane i Beneluxlanda. Han har gjort seg gjeldande som countryartist gjennom tre tiår med utallige timar på vegane.

Han har òg gjort seg gjeldande på Topp10-poplistene i Nederland; overraskande for mange, inkludert seg sjølv. På 70-talet spelte han inn si første plate med gruppa Major Dundee Band med sporet ”The Longer The Distance”. Denne vart fanga opp av radiokanalar og dj´s som spelte songen med hyppig frekvens. Dette førte raskt til ei Topp 10-plassering, og er den dag i dag den songen som har selt mest av innspelingane hans. Seinare har bandet skifta namn til Major Dundee, og har spelt inn 15 album, alle med Dick sine eigne songar. Den eine plata hans er spelt inn i Nashville med mange av dei framste musikarane der, etter at hans låtskriving opna augene på bransjefolk i countrymusikken sin heimby.

Dick har òg skrive mange songar for lokale artistar i Nederland på deira eige språk, og var ein av dei første artistane i landet til å kunne livnære seg som fulltids musikar innan countrysjangeren. Han har òg spelt inn fleire soloalbum, og det siste er ein hyllest til hans store helt Kris Kristoffersen. I desse dagar er Dick ein viktig del av Nederland sine musikalscener der han opptrer med Savannah og Cor Sanne i ein teaterproduksjon ”Back To The Country”. I tillegg har han sjølvsagt mange

Gasta Design