Blue Grass Boogiemen

Dette fantastiske bandet kjem frå Utrecht, Nederland og har ca. 250 spelejobbar i året.

Ein veldig bra prestasjon, sidan sjangeren deira, bluegrass, ikkje er den mest kjente sjangeren blant det store publikumet. Likevel klarer dei gong på gong å vinne unge og eldre tilhøyrarar. Dei spelar i butikksenter, men òg på popscener. I august 2006 deltok dei på Lowlands, den største popfestivalen i Nederland – og stjal showet…! Avisomtalen var fantastisk.

Deira musikk stammar frå Kentucky og vart utvikla av Bill Monroe. Sjølvsagt er han Blue Grass Boogiemens største forbilete, men òg Jimmy Martin, Hank Williams, Johnny Cash, George Jones og Merle Haggard er blant deira idol.

Bandet turnerer gjennom heile Europa, frå Litauen til Irland, frå Norge til Spania. Overalt kvar dei kjem, fengar dei publikum med deira intense, profesjonelle og musikalske virtuositet og smittande entusiasme.

Bandet har vunne mange utmerkingar, delt scener i Europa og USA med mellom andre Emmylou Harris, Chris Hillman frå The Byrds og Wanda Jackson.

Nylig kom deira nyaste cd ”Hits of Hank Williams” som inneheld mange store slagare som Blue Grass Boogiemen òg opptrer med på sine konsertar.

Vi har tidlegare hatt glede av å oppleve denne gruppa og dei hausta svært gode kritikkar for deira opptredenar i Breim. Dei er eit fyrverkeri av eit band live, som skaper stemning frå første stund. Det er ingen tvil at dei under årets festival, både i Frislidlada, på Kolbeins Saloon og under Kyrkjekonserten, kjem til å skape liv og røre.

Som det heiter; det kan ikkje forklarast, det må opplevast!

Blue Grass Boogiemen består av:

  • Arnold Lasseur            – vokalist, mandolin, gitar og fele
  • Bart van Strien            – vokalist, banjo, gitar, fele og munnspill
  • Aart Schroevers            – vokalist, ståbass
  • Robert Jan Kanis            – vokalist, gitar og trommer

Bluegrass Boogiemen si nettside finn du her

Gasta Design