Billy Yates

billy_web.png

Billy Yates har besøkt oss to gongar før, i 2005 og 2007, og fleire har spurt oss om det ikkje er på tide å få Billy tilbake til Breim. No er ventetida over!

Sjølv om Yates kanskje er mest kjend som låtskrivar, har han dei siste åra satsa sjølv som artist med stor suksess. Fleire store countryartistar har brukt Billy som låtskrivar. Blant desse er George Jones, Gary Allan, Tracy Lawrence, George Strait, Sara Evans og Kenny Chesney.

Dei som opplevde showet i 2005 og 2007, kan skrive under på at NCT får besøk av ein stor entertainer. Billy vil opptre saman med Savannah, som er backingband på europaturnèn. Savannah har vitja NCT fleire gonger tidlegare, og har mange fan blant det norske publikummet.

Billy Yates kjem frå den vesle byen Doniphan i staten Missouri. Frå barndommen hugsar han eigentlig berre at hans foreldre alltid høyrte på countrymusikk, spesielt på the Grand Ole Opry.

Som barn opptredde Billy med faren sitt band på lokale barar og pubar, og allereie då visste han at han ville bli songar. Då han starta på vidaregåande skule, danna han band og spelte musikken til The Louvin Brothers, Jim Reeves, Ernest Tubb, Don Williams og hans store helter Merle Haggard, Gene Watson og spesielt George Jones.

På slutten av 80-årene følte han at Doniphan vart for liten til å kunne bygge opp ei karriere, og saman med kona si flytta han til Nashville. Men han oppdaga fort at det ikkje var så enkelt å bli stjerne. Det krevde skriving av eigne songar – noko han ikkje hadde erfaring i. Men han sat seg ned og tok til på arbeidet. Og innan 3 år tok hans store idol – George Jones hans komposisjon “I don’t Need Your Rocking Chair” – det var byrjinga på karriera hans. Den eine etter den andre brukte songar av Billy: Sara Evans, Kenny Chesney, Joe Nicols, Doug Stone osv.

Det tok først av då George Jones song Billys mesterverk “Choices”. Billy sjølv vart nominert til ein Grammy for denne songen. Og radio- og tv-reklame byrja å bruke talentet.

Men Billy hadde framleis ambisjonar om å opptre sjølv. Han teikna ei kontrakt med store Sony Records, men følte seg ikkje heime der. Sony ville at han skulle synge popmusikk, men for Billy var det då – som no – kun PURE COUNTRY. Ingen kompromissar!

Han starta sitt eige plateselskap under namnet MOD (My Own Dammed) og gav ut fire praktalbum. På alle cd-ane er det kun eigne songar, skrevet av han åleine eller nokre gongar saman med andre.

I 2010 kom plata Bill`s Barber Shop ut som siste i rekka så langt. Den følger den tradisjonelle countrymusikkstilen som Billy Yates er kjent for, og har hausta gode kritikkar.

Billy Yates tok til å tene sitt levebrød som frisør i Nashville (hans første yrke), og han hadde sine helter som kundar. No står han ved sidan av dei på store scener, og opptrer jamnleg på Grand Ole Opry i Nashville, Tennessee.

Billy Yates er eit naturtalent. Stemma hans er tvers igjennom country, kjærleiken hans til musikk og publikum kan både sjåast og høyrast. Yates er ein vinnar, overalt kvar han kjem. Og det såg vi tydelig då han første gong vitja oss i 2005, og spelte på hovudscena etter legendariske Ricky Skaggs. Han tok publikum med storm, og kom attende i 2007. Mange har sidan då hatt ynskjer om at han skulle ta turen til Norsk Country Treff igjen. So det er ei glede å ynskje han velkomen til Breim igjen!

Billy Yates si nettside finn du her

 
Gasta Design