Vassendgutane

Vassend Band og Portrett-1-2.jpg

2019 er eit jubileumsår for Norsk Countrytreff, og eitt av dei banda som har vore med og bygd opp festivalen er utan tvil våre gode vennar i Vassendgutane. Dei har over 22 år på vegane - i heile landet - og ikkje mindre enn i 12 av desse åra har dei spelt på Norsk Countrytreff. 

Alle gode ting er 13!

Det er dermed umogeleg for oss å ikkje ta med Vassendgutane igjen i vårt 25. forsøk på å arrangere den kjekkaste og beste countryfestivalen i Noreg. 

Vassendgutane er i skrivande stund midt i turnéen sin - som har fått namnet "Helane i taket". Og vi kan garantere at det var helar i taket under NCT2018. Og det blir garantert helar i taket og tenna i tapetet i 2019 også! 

Les meir om Vassendgutane på heimesidene deira, https://www.vassendgutane.no/

Og kven veit - kanskje syng gutane jubileumssang for oss på fredag på Hesjestauren i 2019?

 

Freddy Brakestad