Trond Svendsen & Tuxedo

40685415_2098671136818177_5703661816844910592_n.jpg

Trond Svendsen & Tuxedo kjem frå Brummundal, og frontfigur Svendsen er kriminal- og nyhetsreporteren som bedreiv americana på hobbyrommet, utan å dele på "godene". Dette varte til Roy Botten i Grenseland fekk høyre Svendsen spele, og derifrå byrja snøballen å rulle. 

Det første albumet som Trond Svendsen & Tuxedo gav ut, var Palomino Motel. Albumet plasserar seg breibeint midt mellom Heartlandrock og Americana, og Svendsen sjølv framstår som ein krysning mellom Paal Flaata og Tom Russel der han malar fram ørkenlandskap med stemma si. 

Med seg i bandet har han fire svært gode musikarar: Vidar Tyriberget (bass), Tommy Kristiansen (trommer), Lars Viken (hammondorgel/tangentar) og mannen som produserte Palomino Motel, Lars Linkas (diverse strengeinstrumenter).

Med terningkast 5 i Dagbladet og med plasseringar på Euroamericanachart er det solid materiale gutta kjem over fjellet med, og dei har nett slept første låt frå det kommande albumet, låta "This Town". 

Du høyrer Trond Svendsen & Tuxedo på laurdag i Kolbeins Saloon! 

Trond Svendsen & Tuxedo på Spotify

Freddy Brakestad