The Bluegrass Boogiemen (NL)

The Bluegrass Boogiemen med gjestesangar Cor Sanne tar turen frå Nederland til Breim for å spele på Norsk Countrytreff. Gutta har spelt i lag i mange år, og har oppnådd eit godt renomè i bluegrassmiljøet verda rundt. Høgt tempo og klar sang kombinert med humor og snert er ein fantastisk miks, og denne gjengen meistrar kunsten!

Musikken består av både sjølvlaga materiale, samt musikk frå bluegrass-heltane Bill Monroe, The Stanley Brothers, Lester Flatt & Earl Scruggs, Jimmie Martin og mange mange fleire.

Dei er eitt av dei mest brukte bluegrassband i Nederland, og opptrer i lag fleire gangar i veka, og stiller også som backingband for Nederlandske stjerner. Både innan bluegrass, og innan rock og pop.

Gutta har besøkt Breim og NCT tidlegare, og i 2019 er dei klare til å vise kva dei har lært seg sidan 2011! I mellomtida har dei spelt i USA 6 gangar, mellom anna på festival i lag med Emmylou Harris i Guthrie, Oklahoma. Chris Hillman (The Byrds/The Desert Rose Band) valgte også gutta til å spele med han under sin turné i Nederland.

Cor Sanne er ein nederlander vi i Norsk Countrytreff har hatt stor glede av profesjonelt, då han også jobbar med musikkformidling, og har vore sterkt medvirkande til bookingar som mellom anna Billy Yates, I tillegg til dette er han ein av nederland sine mest særprega vokalistar, og presenterar låtar frå 50 og 60-talet av artistar som Johnny Cash, Jim & Jesse, Hank Williams med fleire.

Freddy Brakestad