Staut

STAUT_StPeppersby_highres.jpg

Det er ikkje mange band som Staut i Noreg.

Med kombinasjonen fengande melodiar, sterke og gode tekstar, særdeles dyktige musikarar og ikkje minst ein voldsom driv og energi på scena, har gjengen frå Valdres vakse opp til å bli eitt av dei absolutt leiande banda i sin sjanger.

Staut har både gullplater og førsteplass på albumlista å vise til, samt ei fleire år lang turnéliste - og eit antall konserter som få andre band i Noreg kan matche. Det har vore store og profilerte TV-opptredenar, ei solid rekke radiolistingar, og ikkje minst: kvalitet heile vegen!

Med 5 plater på sju år, og med strålande kritikkar, er Staut eit band vi gler oss til å sjå igjen på Norsk Countrytreff! 

I 2019 er det altså gutta i Staut som drar i gang festivalen, når dei entrar Hesjestauren på torsdag kveld!

Staut er: Gaute Lein, Asle Tronrud, Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Frode Flatland og Torgeir Bolstad.

Og dei er klare til å riste deg inn i festivalmodus! 

Freddy Brakestad