Sons of Vanity

SoV.jpg

I 2017 blei vi kjent med bandet Sons of Vanity, som saman med Anne Hvidsten gjorde ein svært god figur på Norsk Countrytreff.

I 2019 kjem gutta tilbake til oss, og med i bagasjen har dei den nye singelen sin - Tend The Flame. Låta er ein hyllest til ektefellar og partnerar som er der når vi treng dei mest, og Bergens Tidende skreiv “«.. ved flere gjennomlyttinger åpenbarer det seg en aldri så liten skatt i deres siste singel for året, «Tend The Flame... Med en varmende lyd understreket av en tidløs komposisjon... Dette er country som intelligent hyller heller enn å etterape sjangerklisjeer.»

Sons of Vanity spelte på fleire festivalar både i 2017 og 2018, og fekk i løpet av året inn si tredje låt på spelelista til NRK P1.

Dei presenterar som vanleg ei rocka blanding av country og americana, med fele og pedal steel i lystig samspel med telecastertwang og kremvokal. Nasvhille frå Vestlandet!

Sons of Vanity opplever du i lag med Staut på torsdag, samt i Kolbeins Saloon på fredag!

Freddy Brakestad