Ruby Red & The Moonshine Brothers

Hos Ruby Red & the Moonshine Brothers blir sørlandsk naivitet og blodig amerikansk alvor til ei kruttsterk blanding, som sjølv kresne cowboyar får fot av. Sidan konsert nummer ein har publikum vore begeistra for samspelet, den litt uvanlege instrumenteringa og dei varierte låtane til bandet. Utgangspunktet for soundet i musikken er dei ulike bakgrunnane til bandmedlemmene, med alt frå rock, folkemusikk og pop til den meir reindyrka og klassiske countrymusikken vi kjenner frå artistar som Glen Campbell, Johnny Cash og Dolly Parton. Dette gjev dei ein særegen stil.

I juni 2014 gav Ruby Red & the Moonshine Brothers ut det sjølvtitulerte debutalbumet sitt, eit album som høsta godord og fekk høge terningkast. Nokre anmeldarar meinte ein kunne risikere å bli skikkeleg glad i sjangeren bandet representerer, sjølv om ein berre likte den sånn passe frå før. Andre meinte det høyrdes ut som om bandet hadde budd og spelt musikk i Appalachane i årevis.

Ruby Red & the Moonshine Brothers tar deg med på mange reiser. Før du veit ordet av det, har bandet gått frå det dystre hjørnet med sangar om tragiske skjebnar og katastrofale valg, til meir lettbeinte låtar om lystige småjenter og gutestrekar på naboens gård. Hadde TV-serien Bonanza blitt laga i dag, skal du ikkje sjå vekk i frå at Ruby Red & the Moonshine Brothers hadde stått for soundtracket.

I september 2016 var bandet klare med andreplata si, "The Outlaws". Tekstane her er mørkare og kretsar rundt tema som ensomheit, svik og lovløsheit. Desse skjebnehistoriene blir pakka inn av røffare og skitnere musikk, med fleire referansar til 70-talsideala. Dette albumet er todelt, og A- sida kom ut i mai 2016. Musikkbloggen “Dust of Daylight” var over seg av begeistring for første del av plata, og konkluderte med at: «(...) dette er omtrent så bra som det kan få blitt».

Sommaren 2017 reiste bandet til Dølehall i Åmli, der dei spelte inn si tredje plate, “Over the wall”, som kjem ut i april 2019. Musikken har no bevega seg til grenselandet mellom western- og cowboylåter og latinske rytmar og melodiar. Plata bêr preg av ein meir samfunnskritisk bodskap, med låtar som “Save the children”, “Torn in two” og ikkje minst tittelsporet “Over the Wall”. Også her, som på tidligare plater, er låtmaterialet variert. Gjennom plata får ein servert lette og fengande countryviser, alvorstyngde og kruttsterke rockelåtar, mariachi og latinske rytmer og låtar med westerninspirerte historier. Den første singelen frå den kommende plata heiter “For you” og ble sleppt digitalt den 2. Nov 2018.

I bandet spelar:

Marte Vaaje Herwell – vokal

Nicolai Herwell – akustisk gitar, vokal

Mats William Wennerberg – elektrisk gitar, vokal

Johanne Flottorp – hardingfele, fele

Tobias Flottorp Heltzer – bass

Mats Jakob Jebe Nesmann – trommer

Freddy Brakestad