Nora Legrand

fullsizeoutput_1014.jpeg

Nora Legrand er ein framadstormande artist i det norske americanalandskapet. Med sjelfull stemme og spennande låtskriving, har ho skapt ein heilt egen sound – Appalachian soul. Sommaren 2019 kjem den første EP’en hennar, og det er knytta store forventningar til sleppet. Legrand vaks opp i Romsdalen, og byrja å skrive countrymusikk på 13-årsdagen sin, då ho fekk sin første gitar. 10 år seinere har ho spelt konsertar landet rundt, og delt scene med artistar som Odd Nordstoga og Darling West. I tillegg har ho turnert i sørstatane i USA. Legrand har tidlegare budd i Tennessee, og musikken hennar viser at ho like godt høyrer heime i Appalachianfjella som i Romsdalsalpane.

Freddy Brakestad