Muntre Musikanter

Skjermbilde 2019-05-18 kl. 10.24.20.jpg

Dei fleste songane kjenner borna frå før, men dei har nok sjeldan høyrt Torbjørn Egner sine viser framført på banjo, mandolin, fele, gitar og kontrabass!

Men det borna kanskje IKKJE veit, er at Torbjørn sjølv spelte banjo. Han brukte denne titt og ofte då han sang dei velkjende sangane sine.

Muntre Musikanter ønskjer at forestillinga skal gje ein positiv, spennande og aktiv opplevelse som appellerar til kreativitet og fantasi hjå ungane.

Tradisjonelt er bluegrass ei vidareutvikling av europeisk folkemusikk. I heimlandet til denne stilarten er det ein tradisjon at musikken blir framført på familiearrangement, men i Noreg er det diverre slik at bluegrass som regel blir framført på arenaar der born ikkje har tilgang.

Dette vil Muntre Musikanter gjerne gjere noko med, og Norsk Countrytreff er difor glade for å kunne presentere gruppa som årets musikantar for Barnas Countrytreff!

Muntre Musikanter er:

Martin Våland - Kontrabass og vokal, Merethe Camilla By - Fele og vokal, Asgeir Aarøen - Gitar, mandolin og vokal og John Gunnar Akerø - Banjo og vokal.

Freddy Brakestad