Malin Pettersen

rMalinPettersenSolo_0923.jpg

Malin Pettersen er velkjent både for publikum på Norsk Countrytreff og blant alle Americana-fans i Noreg, etter ha vore vokalist i Lucky Lips og dessutan gjennom samarbeidet med andre americanaartistar i Noreg gjennom 11 år. Men etter ei lang reise, bestemte Malin seg for å lansere eit soloalbum våren 2018.

Dette skreiv vi om Malin sist ho vitja Norsk Countrytreff, og vi står for orda den dag i dag!

“Vokalist Malin Pettersen malar deg inn i eit mjukt countryunivers med stemma si.. Ein kan mistenke at Pettersen har hatt heile oppveksten sin i rustbeltet i USA, til tross for at ho er født her i steinrøysa.”

Arbeidet med å skrive låtar til hennar nye soloalbum, References Pt.1, starta for over 5 år sidan, då ho gjekk gravid med hennar første born. Klargjeringa av låtane samt arbeidet med å setje saman eit band starta året etter, og for fire år sidan starta studioprosessen som til slutt leda fram til albumet hennar.

Det er vanskeleg å summere opp kva References Pt.1 i ein sjanger, då albumet er inspirert av både rock, folkemusikk og rein country. Dette blir gjenspeila i korleis musikarar og produsent jobba i lag for å lage dette fargerike og ekte albumet.

Malin Pettersen er definitivt ei å halde auge med - og mest av alt - å lytte til!

Freddy Brakestad