Jørgen Dahl Moe

DSC_8556 S.jpg

Jørgen Dahl Moe er ein ung artist med mykje på hjartet. Trass sin unge alder, har han allereie fått gjort mykje. Som 13-åring deltok og vant han MGP Jr. 2009 med låta "Din Egen Vei", og har i regi av NRK og MGP Jr. turnert land og strand rundt i både kulturhus og på festivalar. No er Jørgen attende med nye låtar, meir erfaring og eit meir vakse sinn. Med beina godt planta innanfor poprock-sjangeren, blir Jørgen inspirert av livet sett frå eit ungt perspektiv, kjærleiken frå både den gode og den vonde sida, og eigne erfaringer og hendingar - alt godt pakka inn i ein melodiøs, catchy og allsangvennlig poprock-drakt. I 2018 slapp Jørgen sin debutsingel "I Never Had You" på eigen hand. Låta har blitt spelt på radio, og har blitt streama nærare 90.000 gangar på Spotify. Nyleg har han spelt inn debutalbumet sitt, som i sin heilskap vert slept i 2020.

Med andre ord, Jørgen er ein artist ein vil høyre om i fremtida!

Om ein likar artistar som James Bay, Sigrid, Ryan Adams eller John Mayer, vil man absolutt like musikken til Jørgen Dahl Moe!

Freddy Brakestad