G.Thomas

IMG_0421.JPG

G.Thomas er eit kjent ansikt for dei aller fleste som har vore på Norsk Countrytreff. I 2019 feirar han 37 år som profesjonell fulltids artist, etter at han starta si profesjonelle karriere som pubartist på Tyholmen Kro i Arendal i 1982. Med sine 37 års erfaring som turnerande countryartist, framstår han som ein av dei mest erfarne artistane innan sin sjanger i Noreg. Han blir beskrevet som ei legende i sitt slag i norsk/skandinavisk samanheng, og markerte jubileet som 35-årig artist med eit storslagent show i Arendal Kulturhus med mange gjestar i april 2017.

I 2014, i forbindelse med sitt 30-årsjubileum som plateartist, gav han ut sitt ellevte soloalbum i mai samme år. Plata “Hey hey hey good morning” omhandlar store delar av G.Thomas sit liv og hendelsar. Alle låtar er originale, signert G.Thomas og hans medskribentar. Plata har fått flotte kritikkar av media og publikum, og singelen med tittelsporet blir spelt titt og ofte på radiostasjonar rundt i Europa.

G.Thomas blir betegna som ein meget trufast “outlaw”-artist med røter i tradisjonell/klassisk country. Han er også ein aktiv live-artist som gjer jobbar på alt frå events og pubar, til konsertar og festivalar.

G.Thomas kjem til Breim og Norsk Countrytreff med fleire vennar, også i år. I 2019 møter vi igjen både Big B og damene i Girls Gone Country

Freddy Brakestad