Grøftekarane

web-3.jpg

Grøftekarane er ein kompisgjeng frå Sogn som spelar country til alle anledningar. Repertoaret er variert og strekk seg frå tradisjonell country og fram til i dag. Trass deira unge alder har karane allereie brei erfaring, og har spelt på mellom anna Sunnfjord Countryrock, LustRabalder, Rockweekend Bremanger og Vesterland Countrygalla - samt på utallige bygdefestar og private lag. Grøftekarane lev for den gode, gamle bygdefesten, og er ein garantist for topp stemning og swing!

Bandet består av dei elles svært aktive musikarane Henrik Hovland, Emil Horstad, Anders Brekke, Bartek Gałek og er fronta av den karismatiske Henning Lad."

Freddy Brakestad