Girls Gone Country

Girls+Gone+Country+bilde.jpg

Girls Gone Country er damene frå Mo I Rana som tok Norsk Countrytreff som ein storm sist dei var med G.Thomas til Breim. Girls Gone Country, beståande av Anette Røssvoll, Tone Vermeulen og Chatrin Leifsdatter - starta samarbeidet sitt i 2009 før ein konsert til ære for Tammy Wynette, og har blitt kjent for sine vokale harmoniar og tolkningar av gamle og nye countrylåtar. Sjølv anser dei besøket på Norsk Countrytreff i 2017 som det foreløpige musikalske høgdepunktet i karriera, men dei har også fått ta del i mange andre musikalske sprell.

Damene gledar seg til å besøke Breim på ny, og tar med seg perler frå blant anna Loretta Lynn og Dixie Chicks.

Freddy Brakestad