Fri Flyt

21557988_875652392600620_5238805051481843297_n.jpg

Frå Lavikdalen kjem gruppa Fri Flyt, og består av Even Solheim: Vokal, El-gitar, pedal-steel, akk-gitar, Malvin Johan Rysjedal: Vokal, akk-gitar, Dan Mikal Ripe Frøystad: Pedal-Steel, Kor og Wenche Liljedal: Trekkspel.

I november 2015 leverte Fri Flyt ein song som kunne tolkast som ein søknad om å få spele i Kolbeins, "Heim frå Breim". Og det er på tide at Fri Flyt får svar på søknaden sin! 

Bandet har sidan oppstarten spelt rundt på forskjellige arrangement i både Sogn og Fjordane, på Møre og i Hordaland. Dei har spelt på arrangement i lag med til dømes Gunslingers, og dei har dratt heile lasset sjølve. 

I 2019 skal dei på plakaten i lag med Emmylou Harris, Steve 'n' Seagulls, Vassendgutane, Rotlaus og mange fleire - på Norsk Countrytreff! 

Så gjenstår det å sjå om dei vil reise "Heim frå Breim" etterpå.. 

Freddy Brakestad