Farewell Sogn og Fjordane

Farewell Sogn og Fjordane.jpg

2019 er det siste året Norsk Countrytreff vert arrangert i det vi i rundt 100 år har kalla «Sogn og Fjordane», og dette vil vi i NCT gjerne få markere med ein eigen, og heilt unik countrykonsert. I lag med nokre av dei mest kjende og kjære artistane Trivselsfylket har å by på, er det eit stjernelag som entrar scena i Trivselshagen på Sandane torsdag 11.juli, for å markere overgangen til Vestland!  

Vi i Norsk Countrytreff er glade i - og stolte av - Sogn og Fjordane. Det at ein i dette vesle fylket har fått til store festivalar, som Malakoff, Førdefestivalen og Norsk Countrytreff, er inga sjølvfølge. Det handlar om identitet, det handlar om å vere sta, det handlar om å ta sjansar og det handlar om å stå saman, og å dra lasset i lag. 1. januar 1919 såg Sogn og Fjordane fylke dagens lys, 1.januar 2020 går vi inn i det nye samarbeidet med Hordaland, og blir til Vestland.

Og vi planlegg nachspielet allereie.

Norsk Countrytreff, i samarbeid med vår eiga kjære Sigrid Moldestad, samlar nokre av dei finaste artistane fylket har å by på, for å ta eit musikalsk farvel med Sogn og Fjordane som eige fylke. Tone Damli, Olav Stedje, Vilde & Anna, Eivind Vilnes, Finn Tokvam og sjølvsagt ho Sigrid sjølv, skal gje sine personlege tolkingar av kven vi er – og kven vi har vore. Og det skal dei gjere med stor hjelp av countrymusikken! Husbandet blir toppa med det beste ein har å by på, og skal leiast trygt og musikalsk av Inge Ronny Kvåle.

Med utgangspunkt i eigne musikalske favorittar, historiske tilbakeblikk og personlege forteljingar, vil dette garantert bli ei hending for minnebøkene. Noko vemod, mykje lått, mimring, framtidsvyer og personlege betraktningar – alt med countrymusikken som bakteppe. Og kva sjanger høver vel betre enn countryen for å minnast det som ein gang var? «I’ve felt so lonely in my saddle since my horse died».

Programleiarar for denne kveldens konsert blir radarparet Finn Tokvam og Sigrid Moldestad. Saman, og kvar for seg, har dei to leia mang ein musikalsk stjernekveld, og vi er ikkje det minste i tvil om at dette også blir ein festleg og minnerik kveld!

Bli med Norsk Countrytreff og Sigrid Moldestad på ein tur ned «memory lane» denne torsdagskvelden. Vi gjev tåregaranti!

Freddy Brakestad