Capt. Kane & Big Trouble

Capt-Kane-Pressebilde-746x385.jpg

Capt.Kane & Big Trouble blei starta av Geir Halleland i 2006, og har sidan det gitt ut 2 CD’ar, spelt fleire turnear og gjort ei rekke opptredenar på dei største festivalane i Noreg. Frontfigur Halleland vaks opp med countrymusikk, og er inspirert av artistar som Johnny Cash, Waylon Jenning, Kris Kristoffersen og The Eagles. Av nyare artistar står Brad Paisley, Travis Tritt og Garth Brooks fram som store favorittar.

Live spelar Capt.Kane & Big Trouble ei fin blanding av eigne sangar og coversangar, der humor på scena i takt med dyktige musikarar får publikum til å sette tenna i tapetet og hæla i taket!

Vi i Norsk Countrytreff er glade for å kunne presentere countryartisten frå Røyksund for vårt publikum!

Freddy Brakestad